Vik Sparebank er den eldste attverande sparebanken i Sogn og Fjordane som har hatt både vilje, mot og styrke til sjølvstende utan å knyta den lokale handlefridomen sin opp mot større einingar.
Med røynsle frå 1846 i ryggen står lokalbanken fram som ein sterk og konkurransedyktig bank som har utvikla seg i takt med kundane.
Vik Sparebank set kunden i sentrum.
Anten kunden bur i banken sitt nærområde eller andre stader i landet, har me som målsetjing å alltid stå til teneste for dei som nyttar oss- til beste for deg som kunde.
Vik Sparebank har hovudmarknaden i eigen kommune, men omlag 35 % av kundane bur utafor kommunegrensene.
Vik Sparebank er saman med andre frittståande sparebankar eigarar av Terra-Gruppen AS. Dette eigarskapet gjer at Vik Sparebank i dag er ein totalleverandør av finansielle tenester (bank, finans og forsikring).