Hopp til innhold

Nettbank Privat / Bedrift

ÅRSMELDING FOR 2009 

Vik Sparebank hadde eit godt resultat i 2008, med 7,0 million kroner før tap og skatt som er to million under fjoråret.
Resultatet er godt sett i ljos av at finanskrisa påverkar tala også for 2009.
 

2009 EIT GODT ÅR FOR VIK SPAREBANK:

- Stor auke i innskot frå kundar med 70 million kroner til 741 million. kroner. 
-  Dette har gitt auke i forvaltningskapitalen med 48 million kroner til 909 million kroner.                       
- Moderat auke i utlån til kundar med 6 million kr til 703 million. kroner.
- Resultatet har gitt grunnlag for store utbetalingar til gåver allmennyttige føremål med kroner 650.000,- 
-  Banken i Vik er ein solid bank med heile 108 million kroner i eigenkapital, dette er midlar som jobbar for oss og er med og bidreg til det gode resultatet. Pengane på sparebankfondet er sett av gjennom mange gode år og utgjer 11,9% av forvaltningskapitalen.

Elles kan me nemna at banken gjennom fleire år har vore ein stor bidragsytar i høve satsingane til Vik Idrettslag mellom anna Vik Skisenter.
Dette viser også att i år i høve gåveutdelinga der prosjektet er tilgodesett med kr 250.000,- i gåve!

 Årsmelding 2009