Hopp til innhold

Gamlebanken 

Vik Sparebank har sett i gong planar for utbygging og endring av Gamlebanken. I planane ligg det inne ein ny etasje på toppen av det eksisterande bygget. 

Gamlebanken som vart oppført i 1964 og ligg sentralt på Øyri(sentrum) i Vik i Sogn. 

Gamlebanken er utført i funkisstil, i planane for ombygginga har arkitektfirmaet Jon Vikøren AS tilpassa bygget til endra funksjonar, samstundes som at ein har teke vare på deler av den opprinlege stilen.

Farge og materialforbruk har ein tilpassa til andre store bygg i nærleiken.

Ein har planlagt næringslokale i fyrste etasje, leilegheiter i andre etasje og i den nye tredje etasjen.
Det vil vera fire leilegheiter i kvar etasje.

Etter ombygginga vil Gamlebanken vera eit attraktiv bygg for både næringsverksemd og leilegheiter, meiner banksjef Mads Indrehus.
 
Er du interessert i kjøpa deg leilegheit i Gamlebanken ta kontakt med oss, og du vil få tilsendt prospekt når dette er klart.
Aktørar som er interessert i lokale fyrste etasje vert og oppmoda om å ta kontakt.  

 Sjå ulike bilete av Gamlebanken-prosjektet 

Les Sogn Avis sin artikkel om prosjeket>>
 
Nettbank Privat / Bedrift