Vik Sparebank har forsterka laget med Leidulv Finden, som vil få ansvaret for sal og rådgjeving innan forsikringsprodukt i banken.
Leidulv har i ei årrekke arbeidd med forsikring og kjenner produkt og kundebehov godt.
Vik Sparebank har som mål å vere ein lokal fullservice leverandør innan finans og forsikring, og dette er ytterlegare forsterka gjennom at me knyter til oss meir kompetanse på forsikringsområdet.